onsdag 7. januar 2009

Lukta av nybakt brød

Eg er lukkelegast når eg kan ete heimebakt brød. Kjøpebrød smakar stort sett likt, og sjølv om vårt lokale coop-bakeri lagar eitt brød som faktisk er grovt, ikkje bare i namnet, noko som dei færraste norske bakeri kan skryte av, er det ekstra stor stas å kunne setje sitt eige brød på bordet. Lukta av nybakt brød i huset er ei lukt til å bli glad av.

Det er ikkje lett å finne ei oppskrift ein er hundre prosent nøgd med. Slikt avheng av smak og behag, og eg har prøvd meg fram inspirert av oppskrifter eg har funne i kokebøker, teke bort nokre element og lagt til andre, og dermed laga meg to oppskrifter både eg og resten av familien tykkjer det vert gode brød av. Har eg sett i gang brødbaking og manglar noko av det eg treng, tek eg noko anna i staden. Som regel går det heilt greit, og ofte vert det svært gode resultat av slike tilfeldige utbyttingar og.


Grovt, saftig havrebrød
(3 brød)

1 1/2 liter vatn
25 g gjær
1 ts salt
6 dl havregryn
6 dl sammalt kveite, grov
3 ½ dl sammalt rug, fin
2 nevar linfrø
1 neve sesamfrø
14 dl kveitemjøl

Rør gjæren ut i 1 dl kaldt vatn. Varm resten av vatnet til 37°C og ha det i. Tilsett havregryn, salt, det sammalte mjølet og frøa. La kjøkkenmaskinen røre dette godt saman (på lågaste tempo) til det er godt blanda. Ha i halvparten av kveitemjølet, og la maskinen gå til også dette er godt innblanda. Ha i resten av mjølet og la maskinen røre godt (gjerne 5-7 minutt, men heile tida på lågaste tempo). Hev deigen under plast i 1-2 timar. Legg deigen på eit bord med mjøl. Bruk ikkje for mykje ekstra mjøl – bli heller litt kladdete på hendene. Del deigen i to og kna kvar del godt, før du formar dei til brød og legg dei i tre smurte former. Trykk brøda godt ned i formene. Etterhev under plast i 1-1 1/2 time. Forvarm omnen, og steik brøda nedst i omnen i 45 minutt på 200°C. Avkjøl brøda ute av formene, men på ei rist (gjerne med eit klede over).



Fullkornbrød
(3 brød)

2 dl kokande vatn
2 dl kveite heilkorn
2 nevar linfrø
1 neve sesamfrø
1 l vatn
25-50 g tørrgjær
3 dl sammalt kveite, grov
4 dl sammalt kveite, fin
2 dl sammalt rug, grov
2 dl sammalt rug, fin
14-16 dl kveitemjøl
3 dl kesam, 1%
1 ts salt

Slå det kokande vatnet over heilkorn og eventuelt også over frøa. Rør om og la blandinga stå i minst 20 minutt. Det gjer ingenting om det vert nokre timar i staden. Ha blandinga i bakebollen saman med alt det sammalte mjølet, og mesteparten av det fine, kesam, salt og vatn som er mellom 45 og 50ºC varmt. La kjøkkenmaskinen blande dette godt saman, og tilsett resten av mjølet under vegs. Lat deigen heve under plast i 1-2 timar. Bak ut og legg i 3 smurte former. Bruk gjerne olivenolje til smøringa. Trykk brøda godt ned i formene, og legg plast over. La brøda heve i 1-1 ½ time, og steik på 200ºC i 45 minutt. Ta brøda ut av formene og la dei kjølne på rist.

No kan det sjå ut som eg alltid bruker fersk gjær til den eine brødtypen, og tørrgjær til den andre. Det stemmer ikkje. Fersk gjær og tørrgjær går i periodar hjå meg. Bruk det som passar deg best. Men temperaturen på vatnet er viktig! 37ºC for fersk og mellom 45 og 50ºC for tørrgjær. Grunnen til at tørrgjær krev varmare vatn, er at han treng ekstra varme for å "vakne opp" frå den tørre tilstanden han er i.




Eg lagar tre brød i slengen og frys to av dei. Når eg tek dei opp av frysaren att, tek eg dei ut av plastposen og legg dei i eit kjøkkenklede.

tirsdag 6. januar 2009

Lesarundersøking: Mjølne poteter?

I min familie har mjølne poteter eit positivt forteikn. Mjølne poteter smakar best til julemiddagen (som jo sjølvsagt er pinnekjøt). Mjølne poteter er dei beste å bruke i suppe, sidan dei er gratis jamning. Mjølne poteter (eller eple som mange her på Jæren kallar dei) er gode, i motsetnad til mjølne eple (søteple på jærsk), som bare er gamle. Eg levde lenge i den trua at dette var ei allmenn oppfatning. At det at mjølne poteter er best var ei vedteken sanning. Inntil ei venninne av meg snakka nedsetjande om dei mjølne potetene mine. ”Æsj, hva slags potetsort er det du har kjøpt? De er jo melne!” sa ho. Ja, ho er austlandsk. Og det fekk meg til å undre meg. Er det at mjølne poteter er dei beste ei vestlandssanning? Eller bare ei familiesanning?

Dermed gjennomfører eg no bloggens første lesarundersøking. Kva smakar best: Mjølne poteter eller dei som ikkje er mjølne. I tillegg til å avlegge ei anonym stemme, hadde det jo vore interessant å vite (gjennom kommentarfeltet) om det finst vestlendingar der ute som svergar til dei potetene som ikkje er mjølne. Eller austlendingar som føretrekker dei mjølne. Og kva med de frå andre stader i landet? Kva føretrekker de?

mandag 5. januar 2009

Kjøkkengåver

Som nokon kan hende har fått med seg, har lista Husstellærardottera ønsker seg lenge innehalde punktet "Titanpanne som fungerer til induksjonskomfyr". Då vi kjøpte ny induksjonskomfyr i haust, var det to av kjørela våre som ikkje kunne brukast lenger. Den gryta vi brukte mest og den panna vi brukte mest. Gryta var ei vanleg gryte av rustfritt stål, og det var storleiken som gjorde at vi brukte henne så mykje. Vi har ikkje tenkt å kjøpe noka ny. I staden bruker vi dei andre grytene meir enn vi pla gjere før. Men steikepanna var ei titanpanne med slippbelegg, og var heilt naudsynt til til dømes pannekakesteiking. Og sidan vi sakna panna like mykje begge to, vart det mannen min som fekk ny panne til bursdagen like før jul. Også denne er titan, og knakande god. Pannekaketesten har vi enno ikkje teke, men eg tenkjer det kjem til å gå bra.


Eg hadde og ønskt meg ein suppebolle, sjølv om eg ikkje hadde skrive det på bloggen. Bror min og sambuaren gav meg denne flotte til jul, og eg gler meg til å ta henne i bruk. Er det nokon av lesarane som har fått kjøkkengåver til jul?

søndag 4. januar 2009

Frå kokebokhylla: Den litterære


Forfattar: Christine Samuelson og Sven Nordqvist
Tittel: Gubben og kattens kokebok
Forlag: Damm
År: 2004
Sidetal: 53
Presentasjon: No har eg leita huset rundt i to dagar etter denne kokeboka, fordi eg tenkte eg skulle blogge om henne. Men huset held på å få nye garderobeskap i gangen, og dermed er alt innhald i det gamle skåpet og kommoden fordelt ut i alle andre rom der det ikkje høyrer heime, og vi har eit rotehus av dimensjonar. Då eg til sist hadde gjeve opp, presentert Mitt eget kjøkken i staden, og reiste meg frå datapulten, kva fall vel augene på? Gubben og kattens kokebok, så klart. Og sidan visse følgjebilete til denne presentasjonen er blitt etterlyst, var det ikkje anna å gjere enn å setje seg ned att. Så altså: Denne kokeboka fekk minstemann av bror min til treårsdagen, og vi har hatt stor glede av henne. Vi har brukt henne som kokebøker skal brukast, men og kost oss i sofaen med høgtlesing frå dei små utdraga frå dei andre bøkene om gubben og katten som er fordelt omkring i boka. I desember som var brukte vi både lussekattoppskrifta og peparkakeoppskrifta til Petterson og Findus, med stort hell. Lussekattane laga eg i 2007 og, og dei er verkeleg gode. Dei smeltar nesten på tunga, og forsvinn nesten før vi rekk å synge Luciasongen. I peparkakeoppskrifta sløyfte vi natron denne gongen, og laga peparkakeslott, designa av bror min og sambuar. Det blei verkeleg flott. Og verkeleg godt!



Eg hadde ein plan om å sende inn bileta til Pepperkakehuskonkurransen, men desember var travel, og eg gløymde det rett og slett. Så eg får bare beklage, medbyggarar, og håpe at eg har betre hugs neste år. I mellomtida får vi nyte synet av dei bidraga som faktisk var sende inn.

Frå kokebokhylla: Den fotolause


Forfattar: Tove Diesen
Tittel: Mitt eget kjøkken
Forlag: Cappelen
År: 1991
Sidetal: 120
Presentasjon: Denne boka fekk vi jula 1996 av våre gode venner Hilde og Magnus. Som tittelen min tilseier er boka utan foto. Men biletlaus er ho ikkje. Hilde Kramer har laga fine svart-kvite matillustrasjonar både her og der. Eg, som vanlegvis bruker bileta (fotoa) i kokebøker til å navigere etter for å finne fram til lekre oppskrifter, må leggje om stilen når eg set meg ned med denne. Det har eg ikkje vondt av. Tove Diesen følgjer året frå vår til vinter med oppskrifter som passar, og har med små historier om mange av oppskriftene. Det er ein verdt ein liten lesekveld i ny og ne, så eg trekkjer fram boka og les litt innimellom, både for å bli inspirert og for å få ei god historie. Då vi i dag skulle ha førstefeiringa av bursdagen min (som ikkje er før neste helg, eigentleg), hadde eg lyst til å lage Janssons fristelse. Og så mange gonger har eg lese Mitt eget kjøkken, at eg visste kor eg skulle gå for å finne oppskrift. Janssons fristelse er noko av det beste eg et, og vi har brukt oppskrifta til Diesen mange gonger før. Medan eg sto og skar potetstavar, tenkte eg på at eg kunne blogge om retten, men då han kom ut av omnen, var vi svoltne, og gløymde å ta bilete. Det får bli neste gong. Kokeboka er i alle fall verdt å skaffe seg, men det let seg nok bare gjere på antikvariat. Det var i alle fall det eg kom fram til då eg søkte etter bilete av boka på internett. Dermed har eg måtta teke skannaren i bruk. Og har følgjande spørsmål til dei av lesarane som eig sitt eige eksemplar av boka: Er flekkane mellom mitt og eget del av illustrasjonen? Dei går nemleg ikkje bort i vask.

fredag 2. januar 2009

Jule- og nyttårsborda

Godt nytt år til alle lesarar! Husstellærardottera har vore delvis nede for teljing i desember. No kviknar eg til og deler julaftans- og nyttårsborda våre med dykk.








Julaftan 2008. Meny: Pinnekjøt (røykt og oppsprødd) med poteter, kålrotstappe og pinnekjøtsky. Desserten var vår faste juledessert, ein slags fruktsalat i ei blanding av krem og jogurt naturell. For dei som har Frå fjern og jær tilgjengeleg, finst desserten der. Andre lesarar får bere over med at oppskrifta ikkje blir tilgjengeleg på bloggen i denne omgangen.
Juledekorasjonen sto i stova, og er laga på vår lokale butikk Krims og Krans.






Nyttårsaftan 2008. Meny: Ytrefilet av hjort med tomatsalat og krydra kajunpoteter. Oppskrifta kjem eg tilbake til om nokre dagar, er planen. Til dessert åt vi restar av peparkakeslott, Diplomis si Pias iskake med marsipanlok, lussekattar og jordbærsyltetøy.

onsdag 19. november 2008

Hyggeleg bakegåve



I går fekk eg ei hyggeleg førjulsgåve. Ein kollega av meg gav meg ein fin kakeboks med litt peparkakedeig i. På utsida hang oppskrifta.




Vel heime ønskte minstemann at vi skulle starte baking med ein gong etter middag, så det gjorde vi. Det var herleg å bare setje igang med kjevling utan å måtte lage deig. På kjøkkengolvet sto cd-spelaren og gav oss Tove Janssons Pappaen og havet på lydbok, med Nils Ole Oftebro som innlesar. Ein fin ettermiddag!




Formene vart nøye utvald av den yngste bakarmeisteren, og sjølvsagt måtte mummitrollforma med, sidan det jo var Mummitrollet vi høyrde på.






Etter steikinga kom den obligatoriske smakinga. Verkeleg gode kaker! Så denne deigen kjem eg nok til å lage sjølv og. Og kollegaen min kom med eit praktisk råd: Det går an å fryse deigen i porsjonspakkar, slik at ein kan bake bare litt om gongen, men heller over fleire dagar. Den sjettedelen av deigen som vi fekk, var akkurat nok til tålmodet til ein 7-åring, og vi fekk to brett med kaker. Det som ikkje gjekk i smakemagane, fekk plass i boksen deigen kom i.



Pepperkakemenn

375 g sukker
1/2 kg smør
1/2 kg sirup
1 kg mjøl
1 1/2 ts natron
1 1/2 ts bakepulver
1 1/2 ts ingefær
1 1/2 ts kanel
1 1/2 ts koreanderfrø
1 1/2 ts pepar
2 ts anis

Rør saman sukker og smør. Rør i sirup. Bland saman krydder og mjøl og ha det i deigen. Steik på 180 grader celcius i omlag 10 minutt. Deigen kan delast i bitar og frysast ned.

Tusen takk, Reidun, for den fine gåva! No har eg bare to spørsmål: Knuser du koreanderfrøa i morter først, eller er det ferdig malen koreander du bruker? Og kor lang tid før utbaking tek du deigen opp av frysaren?