onsdag 29. oktober 2008

Fiskebollepizza – vår helgepizza

Bare så det er sagt: Det er ikkje fiskebollar på vår vanlege helgepizza. Men yngstemann i huset tykkjer dei små mozarellaostane som vi bruker på pizzaen ser ut som fiskebollar. Eigentleg er dette bror min og sambuarens hans si fredagspizza-oppskrift. Men sidan vi har omarbeidd oppskrifta for å få pizzaen perfekt til oss, er oppskrifta no ganske annleis enn den vi eingong fekk. Blant anna vil både bror min og andre Italia-kjennarar nok fnyse lett over det sammalte mjølet eg alltid puttar i deigen. Men for oss passar det bra. Her kjem oppskrifta:

Deig:
1 ½ dl vatn
12 ½ g fersk gjær (eller omlag ½ pakke tørrgjær)
1 ts salt
ca 1 dl sammalt grov kveite
ca 2 ½ dl fint kveitemjøl

Bland saman ingrediensane til ein deig. Ved tørrgjær blandar ein gjæren med mjøl og salt før ein blandar i vatn som held mellom 45 og 50 grader. Ved fersk gjær rører ein gjæren ut i 37 graders varmt vatn før ein blandar inn salt og deretter mjøl. Lat deigen heve til dobbel storleik.


Saus:
1 boks hakka tomatar
1-2 ts salt
15-20 vri pepar (frå peparkvern)
½ ts sukker
1-2 ss pesto (den aller beste er den økologiske frå Alternativ mat)
nokre dropar Hot pepper sause
ein knivsodd sterkt chilipulver
(Bror min har ein klunk olivenolje i sausen i staden for pesto, og har fersk basilikum på toppen av pizzaen.)
Bland alt og smak til. Dette er nok til 2-3 pizzaar.

Pensle ei bakeplate med olivenolje, og kjevle deigen ut på denne.
Ha på saus og deretter skinke eller pepperonipølse. Vi plar bruke Birkebeiner- eller Standa-skinke (spekeskinke).
Klipp opp alle mozarellaane i ein boks over.
Steik på 250 grader nedst i omnen til pizzaen er gyllen. Server med det same.

tirsdag 28. oktober 2008

Frå kokebokhylla: Lekre bilete og gode historier


Forfattar: Andreas Viestad
Tittel: Mine beste sider
Forlag: Versal
År: 2006
Sidetal: 348 s.
Presentasjon: For dei som i alle år har likt å lese Andreas Viestads Det beste jeg vet-sider i Dagbladets Magasinet, er denne perfekt. Her får du dei same gode oppskriftene, dei same lekre bileta av Mette Randem (og her er dei om mogleg endå lekrare, sidan boka ikkje er trykt på avispapir) og dei same gode historiene. Og bonusen: Du slepp å rive ut sider frå avisa som vert liggjande å slenge ein stad utan at dei blir brukte til det det var meininga at dei skulle brukast til. Nemleg å inspirere til matlaging.

Då eg fekk denne kokeboka i hus, oppdaga eg fort at eg hadde lese mange av sidene før, men det gjer ingenting. Faktisk kan eg lese mange av dei om att og om att. Her finst mange favorittar. Blant oppskiftsfavorittane er milkshake på side 226 og tunfiskpasta på side 329, og favoritthistorien over alle handlar om graut og står på side 130.

lørdag 25. oktober 2008

Dagens dings: Sauseristaren



Denne er heilt uunnverleg for oss som lagar sausar av jamning utan smør. Det våte må i først, anten det er vatn, mjølk eller fiskebollekraft. Deretter eit par skeier kveitemjøl. På med blandehjulet. (Eigentleg veit eg ikkje kva denne delen av sauseristaren heiter, men det ser jo ut som eit hjul, og er heilt vesentleg for å få godt blanderesultat.) På med loket. Så er det bare å riste i veg. Eit halvt minutt er nok. Truleg det halve og. Deretter går sausejamninga i gryta for oppkok og røring.
Når sauseristaren ikkje er i bruk som sauseristar, liker familiens yngstemann å bruke han til å drikke heimelaga drikkejogurt av. For kvar slurk må sjølvsagt det vesle klaffeloket på att. Det er halve moroa å ha noko å fikle med innimellom den gode drikkinga.
Demontert sauseristar

tirsdag 21. oktober 2008

Min daglege graut

Dei siste to åra har eg starta dagen med havregraut. Tidlegare har eg alltid starta dagen med brødskive, og ofte har matlysta mangla, både på morgonskiva og skivene seinare på dagen. Med grautstart har eg lyst på frukost, og matlysta er også til stades når eg seinare på dagen skal ete brødskive. Eg lagar graut av 1 toppa dl havregryn, 2 ½ dl vatn og litt salt. I starten åt eg grauten med kanel, tyttebærsyltetøy og mjølk, men no har eg funne den perfekte toppinga: 1 boks kesam (1%), ½ banan, 1 ½ - 2 dl frosne (eller friske) bringebær. Det går sjølvsagt an å bruke andre bær og. Friske blåbær er herleg, men sesongen for desse er jo kort. Derfor vert det oftast frosne bringebær.
Først havregryn, salt og vatn i gryta.
Etter litt koking er det blitt ein passe tjukk graut.
Dryss på kanel.
Medan grauten står i skåla og ventar, har eg kesam, banan og bringebær i hurtigmiksaren.


Etter nokre rundar ser det slik ut. Mmm... Rekk til 3-4 grautmorgonar.



Så er grauten klar. God apetitt!




fredag 17. oktober 2008

Tomatsalat på hyttegolv


Kva trengst for å få ein avslappande kveld på hytta? Tomatar, fersk basilikum og fetaost i olje. Kutt og bland. Tomatsalat og yatsy er ein god og avslappande hyttekombinasjon.

tirsdag 14. oktober 2008

Frå kokebokhylla: Den lånte


Forfattar: Marit Røttingsnes Westlie
Tittel: Vi baker!
Forlag: Cappelen
År: 2007
Sidetal: 108, ringinnbinding

Presentasjon: Som overskrifta fortel, eig eg ikkje denne sjølv. Men då eg gjekk inn og såg på kva dato ho vart utlånt til meg frå biblioteket, fann eg ut at eg straks og med ein gong måtte setje henne på ønskelista mi. Denne ser det ut til at eg ikkje kan vere forutan; i alle fall fekk utlånsdatoen meg til å rødme: 8. august 2007. Mykje tydar vel på at det ikkje har vore andre lånarar forunt å bla i denne boka. Og slik kan vi jo ikkje ha det.

Om ein bare skal ha ei einaste kokebok til barna, er det denne ein må velje. Marit Røttingsnes Westlie går ikkje i sukkerfella, slik mange kokebokforfattarar for barn har gått i. Det er tydelegvis ei felles oppfatning blant ein del kokebokforfattarar at om ein skal få barn til å lage mat, må det vere kaker og andre søtsaker ein har oppskrifter på. Også i Vi baker! er kapittelet Kaker og muffins eit omfattande kapittel, men det dominerer likevel ikkje boka, og her er mange gode oppskrifter på bakst til frukost, lunsj, middag og smårettar i tillegg til kakene.

Boka har ringinnbunden, og har flotte, fargerike fotografi med mange ungar. Detaljen med forkle utlånte av Marimekko skapar og liv, og saman med oversiktlege og godt forklarte oppskrifter gjer dette sitt til at boka framstår som svært så lekker.

Kremt. Kjære lånarar på mitt bibliotek. No har eg sett boka på ønskelista mi, og eg har presentert henne i bloggen min. Så no er det dykkar tur. Når eg kjem tilbake på jobb torsdag, vert boka innlevert. Eg tenkjer eg set henne i Nye bøker-hylla, eg.

Å slumpe over nye oppskrifter

Eg bruker ikkje buljongterningar, men lagar mi eiga kraft som eg frys og tek opp når det trengst. Det har for det meste gått i hønsekraft, laga av høns (som det no er nesten umogleg å få tak i i butikkane), løk, gulrøter og sellerirot. Fram til nyleg har eg ergra meg over at eg, sjølv om eg jo dreg ut alle dei gode smakane av ingrediensane, må kaste så mykje fin mat etterpå. Gulrøtene har ofte sonen min gumla i seg, men høna har gått i våtavfallet. Då det gjekk opp for meg at det i grunnen bare var meg sjølv som kunne gjere noko med saka, gjorde eg det ved neste høve. Då førre ladning hønsekraft var forsvarleg ausa på gamle syltetøyglas og sette til kjøling, reinska eg hønsebeina for kjøt, og la dei i mine eminente fryse-Tupperware-boksar. Til nedkjøling med dei og. Og sidan fraus eg alt saman.

Så langt alt vel, men kva kunne kjøtet brukast til? Eg bestemde meg for å prøve meg på ein sjølvkomponert hønseragu, inspirert av fiskebollegryta til mannen min. Det sto ein nesten full boks lettrømme i kjøleskåpet som var gått nokre dagar over best før-dato. Han såg og lukta fint, så eg bestemde meg for å bruke han som basis for ein saus. Litt vatn iblanda eit par spiseskeier kveitemjøl vart hivne i sauseristaren. Rist, rist, ferdig. I gryta saman med lettrømmen. Røre, røre. Karri passar godt både til fiskebollar og høns, så det bestemde eg meg for å ha i. Mykje karri må til, tenkte eg, og rista glaset godt over gryta. Men var han ikkje litt vel brun i fargen, denne karrien i dag, grubla eg over medan eg starta å røre. Ikkje før var tanken tenkt så forsto eg kva eg hadde gjort. Kvar morgon er det kanelen som vert henta ut av skåpet. Automatisk var det den eg hadde grabba då karrien skulle ut til bruk. I eit lite sekund kjende eg panikken breie seg. Kva skulle eg no lage saus av? Men eg roa meg fort ned att. Hadde ikkje eg både fått servert og sjølv laga sør-afrikansk Bobooti, ein god kjøtrett med kanel i? Då var vel kanel i hønsesausen verdas minste problem? Det verkelege karriglaset måtte fram frå skapet, og dermed fekk sausen ein meir vanleg karrifarge.



Løk og rosiner fekk koke med i sausen ei stund saman med hønsekjøtet.



Smakte til med salt og pepar, og hadde i frosne, grøne erter og eple i bitar.



Då raguen hadde nådd kokepunktet att var han ferdig. Eg kokte poteter ved sida av, og det vart ein grei middag.




Men ein del vart det att (seksåringen rynka på nasen og ville bare ha poteter), og i frykt for at det skulle hamne i søpla, tok eg allereie neste dag litt ragurest på føremiddagsskiva. Det vart suksess! Både eg og mannen min kosa oss svært med dette gode pålegget, som altså vart ein større slagar på skiva enn som middagsmat.

mandag 13. oktober 2008

Dagens dings: Krukkeopnaren


Det copyright-registrerte namnet på denne tingesten er JarKey, krukkenøkkelen. Denne er løysninga når krukker med vakuum verkar umoglege å opne. Med eit lite klikk vert vakuumet oppheva, og vips er krukkeloket enkelt å skru av. Ein må-ha-dings i mitt kjøkken.

Nokre har kalla krukkeopninga ei ektemannserstatting, men det tykkjer eg er å gå vel langt. Mannen min kan ikkje erstattast!

søndag 12. oktober 2008

Frå kokebokhylla: Den første



Forfattar: -
Tittel: Lett som en lek. Barnas første kokebok
Forlag: Litor
År: 1983
Sidetal: Upaginert; 14 oppslag
Presentasjon: Dette var mi første kokebok. I 1983 var eg 9 år gammal, og eg kan hugse at eg likte kokeboka godt. Eg bladde ofte i henne, og likte bileta. Men prøvde eg meg nokon gong på oppskriftene? Det kan eg ikkje hugse. Ei flekkfri barnekokebok seier likevel sitt: Denne er ikkje blitt brukt.

I 2008 framstår bileta som typisk tidleg 1980-tal. Her er oppskrifter på kyllinglår og bakte poteter, Jumbo-pasta (spagetti og kjøttsaus), og potetmospinnsvin med pølsepiggar, og elles andre enkle rettar som ein har tenkt seg at barn vil like. For nokre måndadar sidan var eg nær ved å gje bort boka til ein loppemarknad. No når eg sit og skal vurdere henne, kan eg ikkje heilt skjøne kvifor. Var det fordi eg irriterte meg over at den einaste fiskeretten som finst er fiskepinnar? Eg hugsar ikkje. I alle fall: Det som redda boka frå loppemarknaden, som alltid har fascinert meg, og som framleis sjarmerer, er oppskrifta på desserten Trollsopp. Bananar er oppdelte og står på høgkant som soppstengel. Oppå ligg halve ferskenar. Rundt om piska krem. Men det som fascinerte meg mest som liten var dette: Oppå soppane er det strødd sjokoladestrøssel, og ved sida av fatet står eit lite lykketroll. Om du ikkje hugsar kva eit lykketroll er, har du truleg ikkje vore barn på 80-talet. Dei fanst overalt, og til og med eg, med foreldre med svært liten hang til det kommersielle, hadde eit lykketroll, med svart hår og ei søt, spesiell lukt.

Til bokas forsvar skal det seiast at ho legg vekt på det heimelaga. Potetmosen er sjølvsagt laga av poteter, ikkje av eit pulver i ein pose, som til mi forskrekking har førekome i kokebøker både for barn og vaksne i det siste.
Likevel er ho nok litt gammaldags. Men ein dag om ikkje lenge tenkjer eg å ta med meg sonen min og lage Trollsopp.

Lavendelkjeks


Lavendelbuskane før bløming


Eg har nokre lavendelbuskar i hagen. Dei er fine å sjå på, og luktar verkeleg godt, men inntil i år har eg ikkje brukt dei til anna enn å nyte synet og lukta ute. Men på hytta i fjor kom eg over eit gammalt Hjemmet-blad (vel, gammalt og gammalt, det var truleg anten nokre veker gammalt eller frå ei sommarveke året før), og i det sto ei oppskrift på lavendelkjeks. Den skreiv eg av, men brukte henne ikkje då eg kom heim frå hytta i fjor. Eg såg for meg at det kom til å vere nokre parfymerte saker som skulle kome ut av den oppskrifta, men i år, på ein av sommarens varmaste dagar, fekk eg likevel ånda over meg, og sette i gang med å bake.

Lavendelkjeks

150 g smør
60 g sukker
200 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
2 ss finhakka lavendelblad
1 ts lavendelblomar

Lavendelblomar i ei bittelita skål

Rør sukker og smør kvitt. Bland saman lavendelblad, kveitemjøl og bakepulver. Elt alt saman til ein deig.



Kjevle forsiktig deigen ut på eit bakebord med mjøl på.



Fordel lavendelblomane over deigen og press dei lett nedi. Stikk ut kjeks (t. d. i hjarteform), og legg dei på steikeplate.



Steik på 225 grader i omlag 10 minutt. Avkjøl på rist.



Resultatet vart slett ikkje parfymert som eg hadde frykta, men så var det då heller ikkje dei heilt store mengdene lavendel som skulle i kjeksane heller. Dei minna snarare om julekaker, og både kokken sjølv, mann, barn og gjester vart svært nøgde med prøvesmakinga.


lørdag 11. oktober 2008

Dagens dings: Potetskrellar

Vi har ikkje færre enn 4 potetskrellarar i kjøkkenskuffene. I kronologisk rekkefølgje kom dei til heimen vår på dette viset:

- Den eldste: Utan å vere sikker går eg ut frå at denne vart kjøpt inn på Safari-butikken ved Fantoft Studenby like etter at eg flytta heimanfrå. Den er god, men det at også skaftet er i stål, gjer at han er ubehageleg å bruke dersom store mengder poteter eller gulrøter skal skrellast.

- Tupperware-skrellaren: Denne likar eg ikkje. Men det er min kjære sin absolutte favoritt. Grunnen er den same: Den skreller så tynne flak. Eg tykkjer det er ei ulempe, fordi eg då må skrelle fleire gonger på same stad. For meg er det nemleg svært viktig at absolutt alt skal er borte frå det som vert skrella når det er ferdigskrelt. Motargumenetet eg har blitt servert mange gonger er irriterande nok sant: Fordi skrellaren skrellar så tynne flak, vert det meir potet/gulrot att etter skrellinga. Det er dessutan like under skalet at dei fleste vitaminane sit. Irriterande sanningar er vanskelege å argumentere mot utan å bli tåpeleg og barnsleg. Men ok – eg er tåpeleg og barnsleg på dette punket, så her er argumentet: Skrelleresultatet må vere pent! Så det så!

- Den beste: Den beste kombinerer skrelleeigenskapane med den eldste med eit godt, tjukt plastskaft. Dette gjer han god å halde i, og det er uproblematisk å skrelle sjølv dei største mengdene poteter ein kan tenkje seg. Ikkje uventa er dette den skrellaren (bortsett frå Den ubrukelege) som min kjære bruker sjeldnast.

- Den ubrukelege: Den ubrukelege er ubrukeleg. Det er eg og min kjære heilt samde om. Eg har dessutan i forsøket på å gjere meg kjend med han, skore meg i fingeren på han, og har av den grunn så avgjort lagt Den ubrukelege for hat. Den ubrukelege er i kjøkkenet vårt av ein einaste (men god) grunn: Bror min tykkjer det er den einaste som duger av våre skrellarar. Det er dessutan også bror min som i si tid kjøpte han til oss. Mange kan kan hende undre seg over kvifor bror min skal bestemme delar av innhaldet i våre kjøkkenskuffer, men forklaringa er enkel: Bror min er kokk. Ikkje av yrke og utdanning, men av hobby. Dermed kjem han ofte og kokkelerer på vårt kjøkken, til stor glede for oss. Å la kjøkkenskuffa vår huse Den ubrukelege, vert dermed ikkje eit stort offer i den store samanhengen.




Frå venstre: Den eldste, Den beste, Tupperware-skrellaren og Den ubrukelege


Opning

Velkommen til bloggen Husstellærardottera. Eg har drive ein rein bokblogg eit drygt år no, men har lyst til å blogge litt om andre ting og. Det får skje her. Fleire av dei som har fått kokeboka vår, Frå fjern og jær, i gåve, har etterlyst ei ny. Min kjære og eg jobbar med saka, men det tek tid. I mellomtida kan kanskje Husstellærardottera vere ei slags erstatning? Denne bloggen skal vere lausare i snippen enn Skattkista, og skal handle mest om mat, men og om andre ting som opptek meg. Eg har ein plan om nokre faste innslag, så de får følgje med litt etter kvart.