onsdag 19. november 2008

Hyggeleg bakegåve



I går fekk eg ei hyggeleg førjulsgåve. Ein kollega av meg gav meg ein fin kakeboks med litt peparkakedeig i. På utsida hang oppskrifta.




Vel heime ønskte minstemann at vi skulle starte baking med ein gong etter middag, så det gjorde vi. Det var herleg å bare setje igang med kjevling utan å måtte lage deig. På kjøkkengolvet sto cd-spelaren og gav oss Tove Janssons Pappaen og havet på lydbok, med Nils Ole Oftebro som innlesar. Ein fin ettermiddag!




Formene vart nøye utvald av den yngste bakarmeisteren, og sjølvsagt måtte mummitrollforma med, sidan det jo var Mummitrollet vi høyrde på.






Etter steikinga kom den obligatoriske smakinga. Verkeleg gode kaker! Så denne deigen kjem eg nok til å lage sjølv og. Og kollegaen min kom med eit praktisk råd: Det går an å fryse deigen i porsjonspakkar, slik at ein kan bake bare litt om gongen, men heller over fleire dagar. Den sjettedelen av deigen som vi fekk, var akkurat nok til tålmodet til ein 7-åring, og vi fekk to brett med kaker. Det som ikkje gjekk i smakemagane, fekk plass i boksen deigen kom i.



Pepperkakemenn

375 g sukker
1/2 kg smør
1/2 kg sirup
1 kg mjøl
1 1/2 ts natron
1 1/2 ts bakepulver
1 1/2 ts ingefær
1 1/2 ts kanel
1 1/2 ts koreanderfrø
1 1/2 ts pepar
2 ts anis

Rør saman sukker og smør. Rør i sirup. Bland saman krydder og mjøl og ha det i deigen. Steik på 180 grader celcius i omlag 10 minutt. Deigen kan delast i bitar og frysast ned.

Tusen takk, Reidun, for den fine gåva! No har eg bare to spørsmål: Knuser du koreanderfrøa i morter først, eller er det ferdig malen koreander du bruker? Og kor lang tid før utbaking tek du deigen opp av frysaren?

Irriterande?

I går fekk eg ein e-post med bilete frå nokre venner, under overskrifta Den internasjonale irriter venner-dagen. Eg vart ikkje irritert. Snarare tvert om. For meg vart det Den internasjonale gled venner-dagen i staden. Så derfor vil eg dele bileta eg fekk med dykk lesarar. Matrelatert er det så absolutt!

































































































































søndag 16. november 2008

Dagens dings: Eggetoppkuttar



Dagens dings har stor sjarm og stor affeksjonsverdi for oss. Mannen min og eg fekk han i gåve midt på nittitalet. Det originale namnet er Eitopfkutter, og han er kjøpt til oss på Kaufhaus des Westens (KDW) i Berlin. Men som bruksgjenstand er han ikkje noko tess. Faktisk nær sagt ubrukeleg. Ein vanleg kniv kuttar toppen av egget langt betre enn denne. Nokre få ting må likevel få lov til å leve på sjarmen i våre kjøkkenskuffer. Eggetoppkuttaren er ein av dei.






torsdag 13. november 2008

Ja, vi elskar suppe!


Korleis få ein 7-åring som med jamne mellomrom høglydt erklærer at han ikkje liker blomkål og brokkoli til å elske blomkål- og brokkolisuppe? Eg har (tilfeldigvis og til mi store overrasking) funne oppskrifta: Ver like gnien på loffen som hustellærarmor di. Loff er like sjeldan kost i heimen vår som han var i min heim då eg var liten. Det er grovbrød ein blir mett av, og det er dermed det vi har i hus det meste av tida. Men første gongen vi serverte blomkål- og brokkolisuppe til middag, hadde vi parisarloff med smør ved sida av. Det slo an! Like sultefora på loff som eg kan hugse eg var då eg var liten, heiv vesleguten seg over brødet. Og like streng som eg hugsar mor mi var, sa eg at ein ikkje kunne ete seg mett til middag på bare loff. Dermed måtte guten (med mange grimasar) ete litt suppe og. Og oppdaga (til si store overasking) at det var godt. Verkeleg godt. Så denne suppa har vi relativt ofte her i huset. I dag var dette middagen. Og kven var det som føreslo dagens middag? Den vesle loffeetaren...


Blomkål- og brokkolisuppe

1 ss smør
1 stor løk
2 kvitløksfedd
1 ts tørka dill
500 g blomkål og brokkoli blanding
7 ½ dl hønsekraft
4 store poteter (av typen som vert mjølne når dei er kokte), skrelte og i terningar
1 dl matfløyte
1 ½ dl lettmjølk
½ ts pepar
½ ts salt
2 ½ dl riven, gjerne mager, ost

Smelt smør og fres hakka løk under omrøring til han er mjuk og blank, omlag 3 minutt. Ha i finhakka kvitløk og dill. Fres vidare omlag 1 minutt. Ha i blomkål, brokkoli og poteter. Hell i kraft og kok opp. Legg lok på gryta og la suppa småkoke til grønsakene er møre, omlag 10 minutt.
Hell suppa i ein hurtigmiksar (eller bruk stavmiksar) og mos grønsakene.
Hell suppa tilbake i gryta. Bland inn fløyte, salt og pepar. Varm suppa opp til kokepunktet. Ha i 2 dl ost og la han smelte (ikkje kok!). Hell suppa i varme tallerkar og strø resten av osten over. Server med det same.

tirsdag 11. november 2008

Kjøttkaker versus fiskebollar

Ei historie som går om mi munnrappe mormor handlar om då ho fekk besøk av nevøen sin frå byen. Sjølv var mormor oppvaksen i finare strøk i Stavanger, men gifta seg med ein odelsgut frå Jæren og fekk fem barn med han. I huset medan barna budde heime budde og svigerfar hennar, gardsgut og jente (tenestejente). Slik vart det mange om beinet, og ungane hadde nok lært seg at ein måtte ta til seg maten før han forsvann. Nevøen var son til ei søster som budde att i byen, og han var av det beskjedne og forsiktige slaget. Så då mormor høfleg lurde på om Reidar ville ha kjøttkaker eller fiskebollar (truleg var det restemiddag som sto på bordet), drog han fælt på det: ”Je vet ikke je, moster.” ”Imidlertid er det bare fiskeboller igjen!” laud det kontante svaret.

Sjølv er eg ikkje i tvil. Kjøttkaker har aldri vore nokon favoritt. Riktig oppskrytt som ein av våre såkalla nasjonalrettar tykkjer eg det er. Korkje mors eller andre sine kjøttkaker freistar nemneverdig om eg kan få lov til å velje noko anna. Får eg fiskebollegryta til mannen min i staden, vert eg ekstra glad:



Ragnvalds fiskebollegryte

1 boks fiskebollar inkludert kraft (vel ein boks utan E621 glutamat/smaksforsterkar)
2 ss kveitemjøl
1 eple (jo syrlegare, jo betre)
2 dl frosne, grøne erter
blomkål eller brokkoli i passe mengd
¼ purre
1-2 gulrøter
3 dl matfløyte
2-4 ts karri

Rist saman fiskebollekraft og kveitemjøl i ein sauseristar. Hell i ei gryte saman med matfløyte. Kok opp under omrøring og la koke i omlag fem minutt saman med purre og gulrøter i skiver og fiskebollar. Rør av og til. Ha i eple, karri, blomkål/brokkoli og frosne erter. La alt koke opp. Smak til med salt og pepar. Server med kokte poteter.