mandag 13. oktober 2008

Dagens dings: Krukkeopnaren


Det copyright-registrerte namnet på denne tingesten er JarKey, krukkenøkkelen. Denne er løysninga når krukker med vakuum verkar umoglege å opne. Med eit lite klikk vert vakuumet oppheva, og vips er krukkeloket enkelt å skru av. Ein må-ha-dings i mitt kjøkken.

Nokre har kalla krukkeopninga ei ektemannserstatting, men det tykkjer eg er å gå vel langt. Mannen min kan ikkje erstattast!

søndag 12. oktober 2008

Frå kokebokhylla: Den første



Forfattar: -
Tittel: Lett som en lek. Barnas første kokebok
Forlag: Litor
År: 1983
Sidetal: Upaginert; 14 oppslag
Presentasjon: Dette var mi første kokebok. I 1983 var eg 9 år gammal, og eg kan hugse at eg likte kokeboka godt. Eg bladde ofte i henne, og likte bileta. Men prøvde eg meg nokon gong på oppskriftene? Det kan eg ikkje hugse. Ei flekkfri barnekokebok seier likevel sitt: Denne er ikkje blitt brukt.

I 2008 framstår bileta som typisk tidleg 1980-tal. Her er oppskrifter på kyllinglår og bakte poteter, Jumbo-pasta (spagetti og kjøttsaus), og potetmospinnsvin med pølsepiggar, og elles andre enkle rettar som ein har tenkt seg at barn vil like. For nokre måndadar sidan var eg nær ved å gje bort boka til ein loppemarknad. No når eg sit og skal vurdere henne, kan eg ikkje heilt skjøne kvifor. Var det fordi eg irriterte meg over at den einaste fiskeretten som finst er fiskepinnar? Eg hugsar ikkje. I alle fall: Det som redda boka frå loppemarknaden, som alltid har fascinert meg, og som framleis sjarmerer, er oppskrifta på desserten Trollsopp. Bananar er oppdelte og står på høgkant som soppstengel. Oppå ligg halve ferskenar. Rundt om piska krem. Men det som fascinerte meg mest som liten var dette: Oppå soppane er det strødd sjokoladestrøssel, og ved sida av fatet står eit lite lykketroll. Om du ikkje hugsar kva eit lykketroll er, har du truleg ikkje vore barn på 80-talet. Dei fanst overalt, og til og med eg, med foreldre med svært liten hang til det kommersielle, hadde eit lykketroll, med svart hår og ei søt, spesiell lukt.

Til bokas forsvar skal det seiast at ho legg vekt på det heimelaga. Potetmosen er sjølvsagt laga av poteter, ikkje av eit pulver i ein pose, som til mi forskrekking har førekome i kokebøker både for barn og vaksne i det siste.
Likevel er ho nok litt gammaldags. Men ein dag om ikkje lenge tenkjer eg å ta med meg sonen min og lage Trollsopp.

Lavendelkjeks


Lavendelbuskane før bløming


Eg har nokre lavendelbuskar i hagen. Dei er fine å sjå på, og luktar verkeleg godt, men inntil i år har eg ikkje brukt dei til anna enn å nyte synet og lukta ute. Men på hytta i fjor kom eg over eit gammalt Hjemmet-blad (vel, gammalt og gammalt, det var truleg anten nokre veker gammalt eller frå ei sommarveke året før), og i det sto ei oppskrift på lavendelkjeks. Den skreiv eg av, men brukte henne ikkje då eg kom heim frå hytta i fjor. Eg såg for meg at det kom til å vere nokre parfymerte saker som skulle kome ut av den oppskrifta, men i år, på ein av sommarens varmaste dagar, fekk eg likevel ånda over meg, og sette i gang med å bake.

Lavendelkjeks

150 g smør
60 g sukker
200 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
2 ss finhakka lavendelblad
1 ts lavendelblomar

Lavendelblomar i ei bittelita skål

Rør sukker og smør kvitt. Bland saman lavendelblad, kveitemjøl og bakepulver. Elt alt saman til ein deig.



Kjevle forsiktig deigen ut på eit bakebord med mjøl på.



Fordel lavendelblomane over deigen og press dei lett nedi. Stikk ut kjeks (t. d. i hjarteform), og legg dei på steikeplate.



Steik på 225 grader i omlag 10 minutt. Avkjøl på rist.



Resultatet vart slett ikkje parfymert som eg hadde frykta, men så var det då heller ikkje dei heilt store mengdene lavendel som skulle i kjeksane heller. Dei minna snarare om julekaker, og både kokken sjølv, mann, barn og gjester vart svært nøgde med prøvesmakinga.


lørdag 11. oktober 2008

Dagens dings: Potetskrellar

Vi har ikkje færre enn 4 potetskrellarar i kjøkkenskuffene. I kronologisk rekkefølgje kom dei til heimen vår på dette viset:

- Den eldste: Utan å vere sikker går eg ut frå at denne vart kjøpt inn på Safari-butikken ved Fantoft Studenby like etter at eg flytta heimanfrå. Den er god, men det at også skaftet er i stål, gjer at han er ubehageleg å bruke dersom store mengder poteter eller gulrøter skal skrellast.

- Tupperware-skrellaren: Denne likar eg ikkje. Men det er min kjære sin absolutte favoritt. Grunnen er den same: Den skreller så tynne flak. Eg tykkjer det er ei ulempe, fordi eg då må skrelle fleire gonger på same stad. For meg er det nemleg svært viktig at absolutt alt skal er borte frå det som vert skrella når det er ferdigskrelt. Motargumenetet eg har blitt servert mange gonger er irriterande nok sant: Fordi skrellaren skrellar så tynne flak, vert det meir potet/gulrot att etter skrellinga. Det er dessutan like under skalet at dei fleste vitaminane sit. Irriterande sanningar er vanskelege å argumentere mot utan å bli tåpeleg og barnsleg. Men ok – eg er tåpeleg og barnsleg på dette punket, så her er argumentet: Skrelleresultatet må vere pent! Så det så!

- Den beste: Den beste kombinerer skrelleeigenskapane med den eldste med eit godt, tjukt plastskaft. Dette gjer han god å halde i, og det er uproblematisk å skrelle sjølv dei største mengdene poteter ein kan tenkje seg. Ikkje uventa er dette den skrellaren (bortsett frå Den ubrukelege) som min kjære bruker sjeldnast.

- Den ubrukelege: Den ubrukelege er ubrukeleg. Det er eg og min kjære heilt samde om. Eg har dessutan i forsøket på å gjere meg kjend med han, skore meg i fingeren på han, og har av den grunn så avgjort lagt Den ubrukelege for hat. Den ubrukelege er i kjøkkenet vårt av ein einaste (men god) grunn: Bror min tykkjer det er den einaste som duger av våre skrellarar. Det er dessutan også bror min som i si tid kjøpte han til oss. Mange kan kan hende undre seg over kvifor bror min skal bestemme delar av innhaldet i våre kjøkkenskuffer, men forklaringa er enkel: Bror min er kokk. Ikkje av yrke og utdanning, men av hobby. Dermed kjem han ofte og kokkelerer på vårt kjøkken, til stor glede for oss. Å la kjøkkenskuffa vår huse Den ubrukelege, vert dermed ikkje eit stort offer i den store samanhengen.




Frå venstre: Den eldste, Den beste, Tupperware-skrellaren og Den ubrukelege


Opning

Velkommen til bloggen Husstellærardottera. Eg har drive ein rein bokblogg eit drygt år no, men har lyst til å blogge litt om andre ting og. Det får skje her. Fleire av dei som har fått kokeboka vår, Frå fjern og jær, i gåve, har etterlyst ei ny. Min kjære og eg jobbar med saka, men det tek tid. I mellomtida kan kanskje Husstellærardottera vere ei slags erstatning? Denne bloggen skal vere lausare i snippen enn Skattkista, og skal handle mest om mat, men og om andre ting som opptek meg. Eg har ein plan om nokre faste innslag, så de får følgje med litt etter kvart.