torsdag 13. november 2008

Ja, vi elskar suppe!


Korleis få ein 7-åring som med jamne mellomrom høglydt erklærer at han ikkje liker blomkål og brokkoli til å elske blomkål- og brokkolisuppe? Eg har (tilfeldigvis og til mi store overrasking) funne oppskrifta: Ver like gnien på loffen som hustellærarmor di. Loff er like sjeldan kost i heimen vår som han var i min heim då eg var liten. Det er grovbrød ein blir mett av, og det er dermed det vi har i hus det meste av tida. Men første gongen vi serverte blomkål- og brokkolisuppe til middag, hadde vi parisarloff med smør ved sida av. Det slo an! Like sultefora på loff som eg kan hugse eg var då eg var liten, heiv vesleguten seg over brødet. Og like streng som eg hugsar mor mi var, sa eg at ein ikkje kunne ete seg mett til middag på bare loff. Dermed måtte guten (med mange grimasar) ete litt suppe og. Og oppdaga (til si store overasking) at det var godt. Verkeleg godt. Så denne suppa har vi relativt ofte her i huset. I dag var dette middagen. Og kven var det som føreslo dagens middag? Den vesle loffeetaren...


Blomkål- og brokkolisuppe

1 ss smør
1 stor løk
2 kvitløksfedd
1 ts tørka dill
500 g blomkål og brokkoli blanding
7 ½ dl hønsekraft
4 store poteter (av typen som vert mjølne når dei er kokte), skrelte og i terningar
1 dl matfløyte
1 ½ dl lettmjølk
½ ts pepar
½ ts salt
2 ½ dl riven, gjerne mager, ost

Smelt smør og fres hakka løk under omrøring til han er mjuk og blank, omlag 3 minutt. Ha i finhakka kvitløk og dill. Fres vidare omlag 1 minutt. Ha i blomkål, brokkoli og poteter. Hell i kraft og kok opp. Legg lok på gryta og la suppa småkoke til grønsakene er møre, omlag 10 minutt.
Hell suppa i ein hurtigmiksar (eller bruk stavmiksar) og mos grønsakene.
Hell suppa tilbake i gryta. Bland inn fløyte, salt og pepar. Varm suppa opp til kokepunktet. Ha i 2 dl ost og la han smelte (ikkje kok!). Hell suppa i varme tallerkar og strø resten av osten over. Server med det same.

Ingen kommentarer: