tirsdag 11. november 2008

Kjøttkaker versus fiskebollar

Ei historie som går om mi munnrappe mormor handlar om då ho fekk besøk av nevøen sin frå byen. Sjølv var mormor oppvaksen i finare strøk i Stavanger, men gifta seg med ein odelsgut frå Jæren og fekk fem barn med han. I huset medan barna budde heime budde og svigerfar hennar, gardsgut og jente (tenestejente). Slik vart det mange om beinet, og ungane hadde nok lært seg at ein måtte ta til seg maten før han forsvann. Nevøen var son til ei søster som budde att i byen, og han var av det beskjedne og forsiktige slaget. Så då mormor høfleg lurde på om Reidar ville ha kjøttkaker eller fiskebollar (truleg var det restemiddag som sto på bordet), drog han fælt på det: ”Je vet ikke je, moster.” ”Imidlertid er det bare fiskeboller igjen!” laud det kontante svaret.

Sjølv er eg ikkje i tvil. Kjøttkaker har aldri vore nokon favoritt. Riktig oppskrytt som ein av våre såkalla nasjonalrettar tykkjer eg det er. Korkje mors eller andre sine kjøttkaker freistar nemneverdig om eg kan få lov til å velje noko anna. Får eg fiskebollegryta til mannen min i staden, vert eg ekstra glad:



Ragnvalds fiskebollegryte

1 boks fiskebollar inkludert kraft (vel ein boks utan E621 glutamat/smaksforsterkar)
2 ss kveitemjøl
1 eple (jo syrlegare, jo betre)
2 dl frosne, grøne erter
blomkål eller brokkoli i passe mengd
¼ purre
1-2 gulrøter
3 dl matfløyte
2-4 ts karri

Rist saman fiskebollekraft og kveitemjøl i ein sauseristar. Hell i ei gryte saman med matfløyte. Kok opp under omrøring og la koke i omlag fem minutt saman med purre og gulrøter i skiver og fiskebollar. Rør av og til. Ha i eple, karri, blomkål/brokkoli og frosne erter. La alt koke opp. Smak til med salt og pepar. Server med kokte poteter.

2 kommentarer:

Astri Ulland sa...

'Suppe på en spiker' tenker jeg:

Her er så mye gode, smaksrike ingredienser at retten antakeligvis ville ha vært like god uten fiskebollene - med litt fiskebuljong.

Trenger jeg si at fiskeboller ikke står på min matfavorittliste!

Men jeg kan tenke meg å prøve oppskriften med gourmet-torsk i stedet for fiskeboller.

Og så tror jeg at jeg må be deg på kjøttkakemiddag en gang. Da kan jeg jo også dele med deg mitt møte med din mormors kvasse replikk...

Tove sa...

:-D Takk, Titta! Det ser eg fram til!