
Denne er heilt uunnverleg for oss som lagar sausar av jamning utan smør. Det våte må i først, anten det er vatn, mjølk eller fiskebollekraft. Deretter eit par skeier kveitemjøl. På med blandehjulet. (Eigentleg veit eg ikkje kva denne delen av sauseristaren heiter, men det ser jo ut som eit hjul, og er heilt vesentleg for å få godt blanderesultat.) På med loket. Så er det bare å riste i veg. Eit halvt minutt er nok. Truleg det halve og. Deretter går sausejamninga i gryta for oppkok og røring.
Når sauseristaren ikkje er i bruk som sauseristar, liker familiens yngstemann å bruke han til å drikke heimelaga drikkejogurt av. For kvar slurk må sjølvsagt det vesle klaffeloket på att. Det er halve moroa å ha noko å fikle med innimellom den gode drikkinga.

Demontert sauseristar
2 kommentarer:
Et google-søk på "sauseristar" ga 0 treff! Ikke dårlig, vi har et nytt fint ord i vokabularet! Vi bruker et syltetøyglass, men man skal da riste iherdig for å være sikker på klumpefri saus.
Vi brukte og syltetøyglas før. Men då låg det alltid igjen masse mjøl nedst. I tillegg til at det ikkje alltid blei klumpfri saus. Det vert det med denne. Sauseristaren heiter i følge Tupperware Kvikk Shaker. ;-) Finst og i ikkje-Tupper-variant.
Legg inn en kommentar