søndag 12. oktober 2008

Lavendelkjeks


Lavendelbuskane før bløming


Eg har nokre lavendelbuskar i hagen. Dei er fine å sjå på, og luktar verkeleg godt, men inntil i år har eg ikkje brukt dei til anna enn å nyte synet og lukta ute. Men på hytta i fjor kom eg over eit gammalt Hjemmet-blad (vel, gammalt og gammalt, det var truleg anten nokre veker gammalt eller frå ei sommarveke året før), og i det sto ei oppskrift på lavendelkjeks. Den skreiv eg av, men brukte henne ikkje då eg kom heim frå hytta i fjor. Eg såg for meg at det kom til å vere nokre parfymerte saker som skulle kome ut av den oppskrifta, men i år, på ein av sommarens varmaste dagar, fekk eg likevel ånda over meg, og sette i gang med å bake.

Lavendelkjeks

150 g smør
60 g sukker
200 g kveitemjøl
1 1/2 ts bakepulver
2 ss finhakka lavendelblad
1 ts lavendelblomar

Lavendelblomar i ei bittelita skål

Rør sukker og smør kvitt. Bland saman lavendelblad, kveitemjøl og bakepulver. Elt alt saman til ein deig.



Kjevle forsiktig deigen ut på eit bakebord med mjøl på.



Fordel lavendelblomane over deigen og press dei lett nedi. Stikk ut kjeks (t. d. i hjarteform), og legg dei på steikeplate.



Steik på 225 grader i omlag 10 minutt. Avkjøl på rist.



Resultatet vart slett ikkje parfymert som eg hadde frykta, men så var det då heller ikkje dei heilt store mengdene lavendel som skulle i kjeksane heller. Dei minna snarare om julekaker, og både kokken sjølv, mann, barn og gjester vart svært nøgde med prøvesmakinga.


8 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg har også litt lavendel i hagen, så dette må prøves. Gratulerer med ny, fin blogg!

Astri Ulland sa...

For en lekker presentasjon!

God nyhet, dette :-)

Tove sa...

Tusen takk, begge to! :-)

Anonym sa...

Aha! På vårt kjøkken finnes kun den potetskrelleren som her blir omtalt som "den ubrukelege" - det kan forklare mangt & meget, for eksempel den relativt lave potetspisefrekvensen her i huset. Vi trodde det var latskap, men så hadde vi kanskje bare en altfor ubrukelig poteteskreller? PUH

Tove sa...

Kanskje? Men det er jo som de ser ein smakssak. Når det er sagt vil eg på det varmaste anbefale Den beste. ;-)

Tove sa...

Gildt at de kommenterer, forresten! :-)

Anonym sa...

Ja, men vi må visst øve litt. (På å få de på rett plass og sånn...)

Tove sa...

Det går nok greit etterkvart. :-) Ikkje så veldig oversiktleg på denne malen eg bruker her om kommentarane høyrer til posten over eller den under, tykkjer eg. Men kommentarane ligg altså under bloggposten. ;-)