tirsdag 21. oktober 2008

Min daglege graut

Dei siste to åra har eg starta dagen med havregraut. Tidlegare har eg alltid starta dagen med brødskive, og ofte har matlysta mangla, både på morgonskiva og skivene seinare på dagen. Med grautstart har eg lyst på frukost, og matlysta er også til stades når eg seinare på dagen skal ete brødskive. Eg lagar graut av 1 toppa dl havregryn, 2 ½ dl vatn og litt salt. I starten åt eg grauten med kanel, tyttebærsyltetøy og mjølk, men no har eg funne den perfekte toppinga: 1 boks kesam (1%), ½ banan, 1 ½ - 2 dl frosne (eller friske) bringebær. Det går sjølvsagt an å bruke andre bær og. Friske blåbær er herleg, men sesongen for desse er jo kort. Derfor vert det oftast frosne bringebær.
Først havregryn, salt og vatn i gryta.
Etter litt koking er det blitt ein passe tjukk graut.
Dryss på kanel.
Medan grauten står i skåla og ventar, har eg kesam, banan og bringebær i hurtigmiksaren.


Etter nokre rundar ser det slik ut. Mmm... Rekk til 3-4 grautmorgonar.



Så er grauten klar. God apetitt!




4 kommentarer:

Eva sa...

Jeg spiser også grøt til frokost, me ikke like overdådig deilig som din. Bare to ss lettkokte havregryn, 2 ss naturell I love eco-musli fra ICA og en ss linfrø. Oppi har jeg en liten banan og litt kanel.

Tove sa...

Gildt å ha deg på besøk her på bloggen min, Eva! Håper det freistar til fleire besøk. :-)
Kokar du grauten med banan og kanel i? Kor mykje vatn har du i då? Spennande med nye tips.

Eva sa...

Men den er jo så fin! Takk for at du tipest meg om den :) Jeg koker ikke grøten, jeg heller over passelig med kokende vann og lar den svelle i fem minutter eller så. Cirka en fingerbredde vann over grøtblandingen. Så har jeg oppi kanel og banan og rører rundt. En dag jeg har tid skal jeg prøve å koke den!

Tove sa...

Takk, Eva! :-)